Fredag valde skyene å kvitte seg med snøen som kom torsdag, og mi ferd mot Austrheim vart noko glattare, våtare og kaldare enn eg hadde håpa. Eg kom meg likevel til praksisplassen og folka eg skulle køyre med, og fekk både kanapéar og mozell på rådhuset i Austrheim då vi tok del i opninga av det nye NAV-kontoret. Resultatet av dagen kan du lese her.
Artikkelen vart i og for seg grei, den. Men i løpet av mitt plutselege møte med arbeidslivet oppstod fleire spørsmål knytta til mi rolle som informasjonsmedarbeidar, eller journalist, som eg i grunnen fungerte som denne dagen. Når eg møter på ei slik opning, og er over 20 år yngre enn dei fleste, samtidig som eg ikkje er direktør, NAV-leiar eller kommunetilsett, kva gjer eg? Helser også eg på resten av gjestane, eller skal eg gjere meg usynleg? Er eg ein del av dette laget? Får også eg ete kanapéar med laks og skinke og krabbe og ananas? Og drikke to glas brus? Kven er eg?
Som utanforståande journalist frå lokalavisa i Austrheim (eksisterer den?) ville eg nok gjort noko anna. Og det veit eg er vanleg. Men eg valde å bli sett. Eg valde å ete. Og det var det ingen som kimsa over. Eg var ein av dei.