Hanne møter arbeidslivet

april 29, 2008

Oppsummering

Arkivert under: Uncategorized — hannnne2 @ 1:45 pm

I praksis har eg:

Gjort tidvis vanskelege telefon- og mailintervju, og deretter skrive fem leiarpresentasjonar for inter- og intranett

Skrive like mange presentasjonar til “Ny i jobben” for søndagsutgåva av BT (som framleis ikkje er publiserte, og lite veit eg om dei nokonsinne blir det heller)

Vore aleine i Austrheim på opning av nytt kontor, og skrive artikkel om det

Leita fram alle Aetat-skilt og andre logoar som riktig nok burde vore bytta ut for fleire år sidan

Skrive store mengder stillingsannonsar, også for ein av mine to medarbeidarar, som under mi praksisperiode takka ja til ny jobb ein annan stad på huset

Sendt like store mengder annonseringar og kunngjeringar til ulike aviser i Hordaland, og deretter ordna opp når dei ikkje kom fram

Vore med på to møter om ei informasjonsmappe, og laga forslag til ulike skriv som skal ligge i mappa

Vore med på 1 av 2 dagar av kommunikasjonssamlinga til NAV, som NAV Hordaland, altså mine medarbeidarar, arrangerte siste veka mi i praksis

Bestilt profilprodukt, mellom anna 80 pakkar NAV-pastillar (som aldri dukka opp)

Lese alt som finst av stoff om kommunikasjonsstrategien til NAV

Sørga for at all kontaktinformasjon til dei ulike kontora er korrekt

Vurdert svaret som min rettleiar skulle sende inn til Summetonen

Hatt øyrene på stilk kvar gong kommunikasjonsrådgjevarane snakka med eller om media

Lese mange saker om NAV i avisene

april 17, 2008

More, more, more!

Arkivert under: Uncategorized — hannnne2 @ 7:31 am

Ny leiarpresentasjon her.

Her om dagen observerte eg ei av mine annonseringar i BT. For snart flyttar nemleg NAV Laksevåg Trygd og NAV Laksevåg Arbeid saman, og det er noko folket må vere budd på!

I går skreiv eg stillingsannonsar så det susa!

april 14, 2008

Ny artikkel

Arkivert under: Uncategorized — hannnne2 @ 4:10 pm

Ny artikkel for NAV publisert her. Min første av dei i alt 5 leiarpresentasjonane eg har skrive så langt. Resten kjem på løpande band med nokre dagars mellomrom framover.

Har ikkje vore særleg flink å oppdatere her (men så har eg berre éin lesar). Oppgåver eg har teke meg til i praksis i det siste er annonseringar, nummer- og adresseendringar, bestillingar av profilprodukt, skiltgjennomgang (ikkje så heldig at NAV er merka med eit stort Aetat-skilt to år etter omlegginga), (vanskelege) telefon- og mailintervju, leiarpresentasjonar, møter, informasjonsmappearbeid, og ymse anna. Koseleg, koseleg! I dag fekk eg til og med site på kontoret til avdelingsdirektøren sjølv. Takin’ over!

mars 31, 2008

Rolleforvirring

Arkivert under: Uncategorized — hannnne2 @ 4:12 pm

Fredag valde skyene å kvitte seg med snøen som kom torsdag, og mi ferd mot Austrheim vart noko glattare, våtare og kaldare enn eg hadde håpa. Eg kom meg likevel til praksisplassen og folka eg skulle køyre med, og fekk både kanapéar og mozell på rådhuset i Austrheim då vi tok del i opninga av det nye NAV-kontoret. Resultatet av dagen kan du lese her.

Artikkelen vart i og for seg grei, den. Men i løpet av mitt plutselege møte med arbeidslivet oppstod fleire spørsmål knytta til mi rolle som informasjonsmedarbeidar, eller journalist, som eg i grunnen fungerte som denne dagen. Når eg møter på ei slik opning, og er over 20 år yngre enn dei fleste, samtidig som eg ikkje er direktør, NAV-leiar eller kommunetilsett, kva gjer eg? Helser også eg på resten av gjestane, eller skal eg gjere meg usynleg? Er eg ein del av dette laget? Får også eg ete kanapéar med laks og skinke og krabbe og ananas? Og drikke to glas brus? Kven er eg?

Som utanforståande journalist frå lokalavisa i Austrheim (eksisterer den?) ville eg nok gjort noko anna. Og det veit eg er vanleg. Men eg valde å bli sett. Eg valde å ete. Og det var det ingen som kimsa over. Eg var ein av dei.

mars 27, 2008

Intro

Arkivert under: Uncategorized — hannnne2 @ 8:56 pm
Tags:

I perioden 25.03 – 25.04 2008 skal eg gjennom til saman ti dagar med praksis i informasjonsavdelinga til NAV Hordaland. Praksisen er ein del av det svært interessante faget Praktisk informasjonsarbeid (praktinf) ved Universitetet i Bergen, og eg tenkjer å nytte denne bloggen først og fremst for å skrive “dagbok” om mine erfaringar og tankar i løpet av denne praksisperioden.

I går hadde eg første praksisdag. Alle praktinf-studentar sitt store mareritt, alt kva Ivar og Melanie hadde åtvara om kunne skje, hende sjølvsagt meg! Eg møtte på NAV, og slapp inn på kontoret der mine to “medarbeidarar” held til. Eg var litt tidleg ute, og rekna med lunsjpausa ikkje enno var over. Ingen teikn til panikk. Når klokka etter kvart hadde tikka nokre minutt over tida, byrja eg skjøne at det uunngåelege var i ferd med å skje – det kom ingen! Etter ein tur innom eit nabokontor og ein samtale med ein mann som ikkje kunne svare på mine store livsspørmål (“KOR er dei?”), måtte eg ringje min kontaktperson, som viste seg å liggje heime med bihulebetennelse, og etter ei ny samtale kom endeleg min andre medarbeidar, som berre hadde vore litt riven med i lunsjpausa. Panikk avverga.

Min 3 timar lange arbeidsdag bestod stort sett i helserunder, innføring i datasystemet og øvrig informasjon som er grei å ha når ein skal inn i ei bedrift og lære litt om kva dei driv med. Vi skal også skrive eit prosjekt som omhandlar noko kring informasjonsarbeidet i bedrifta, og med praksis i ei bedrift som har måtta tole hard motbør etter etableringa kan tema for oppgåva sjå ut til å løyse seg greit. Eg reknar med eg vil konsentrere meg om korleis bedrifta har fulgt kommunikasjonsstrategien sin i møte med kritikken frå media, og har alle presseklipp og kommunikasjonsplan tilgjengeleg på arbeidsplassen.

I morgon, Fredag, fekk eg først valget mellom å reise til Austrheim med eine medarbeidaren og dekkje opninga av nytt kontor der, eller til Askøy saman med ein delegasjon frå Thailand. I dag viste det seg derimot at dei var undebemanna i morgon, med 3 oppgåver til berre 2 personar. Dermed vart vesle meg oppringt med spørsmål om eg tok utfordringa med å reise til Austrheim og dekkje nyopninga åleine i morgon. Lærelysten som eg er, svara eg ja, så 0830 i morgon tidleg ventar ein lang biltur med to ukjente NAV-representantar. Dette blir spanande!

(Kvifor kan ein ikkje ha praksis i staden for skule heile livet?)

Tema: Rubric. Blogg på WordPress.com.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.